Vidareutdanningstilbod ved UiB
Universitetet i Bergen tilbyr våren 2011 fire emne à 15 studiepoeng i vidareutdanningsprogrammet “Norge som innvandringsland”. Studiet rettar seg mot folk som arbeider med eller har tenkt å arbeide med innvandrarar eller flyktningar.
- Vi har opplevd ei auka interesse og trong for kunnskap kring innvandrings-, flyktning- og integreringsfeltet i Noreg, seier fagleg koordinator for programmet Hans Christian Farsethås. Dette semesteret hadde heile 53 studentar og det ble skrevet mange gode semesteroppgaver
- Det eine emnet, “Unge flyktningar: eksilerfaring, sosialisering og inkludering”, tek for seg integreringsspørsmål knytte til unge flyktningar og deira oppleving av eksil, sosialisering og inkludering i det norske samfunnet. Her er vi mellom anna opptekne av korleis vi tek i mot unge flyktningar, korleis dei opplever å kome hit, kva som blir gjort frå styresmaktene si side og korleis vi kan innarbeide gode kommunikasjonsrutiner, fortel Farsethås.
- Det andre nye emne, “Arbeidsmiljø på fleirkulturelle arbeidsplassar”, tek for seg integreringsspørsmål knytte til norske arbeidsplassar. Bakgrunnen for emnet er den auka arbeidsinnvandringa vi har sett dei seinare åra og utfordringane norske arbeidsplassar og arbeidstakarar no står overfor.
For meir informasjon om dei to andre emna, “Det nye Noreg: asyl- og mottakssystemet” og “Interkulturell kommunikasjon” kan ein gå inn på www.innvandring.uib.no
- Søknadsfristen er 15. januar 2011 og vi har avgrensa tal på plassar, så her gjeld det å vere raskt ute, fortel Farsethås. Studiet går over 4 samlingar og blir avslutta med ei semesteroppgåve knytt til arbeidsstaden til studenten. Les meir på heimesidene til programmet www.innvandring.uib.no
Utskriftsvennlig side